Klondyke på krita

Av Ingunn Elstad, medlem i Folkeaksjonen oljefritt Lofoten,Vesterålen og Senja.

Vi må jo bore opp olja, for vi treng jo arbeidsplassar i Nord-Norge! Politikarar og journalistar snakkar om ringverknader så det nesten blir sant til slutt. Vi får reportasje på reportasje om forhåpningar og optimisme. Det er berre realitetane som manglar.

Lat oss sjå på Hammerfest, ”gassbyen” som fekk det første industrianlegget i oljesektoren i landsdelen, etter alt å dømme også det siste. Dokumentasjonen finn vi hos Statistisk Sentralbyrå:

Hammerfest har hatt stigande arbeidsledigheit sidan Snøhvit kom i drift i 2007. Då var tala låge,  84 personar var registrert som heilt arbeidsledige ved utgangen av 2007. Ved utgangen av 2009 er det 179 personar. Fleire personar er registrert arbeidsledige i Hammerfest i dag enn i 2001, før heile utbygginga starta.

Likevel har Hammerfest hatt ein god befolkningsauke sidan Snøhvit kom i drift i 2007.  Men det kjem ikkje av at finnmarkingar har flytta dit for å jobbe på Melkøya. Det er nyfødde barn; Hammerfest kan glede seg over eit aukande fødselsoverskott. Kommunen har då også satsa på ei anna næring, nemleg barnehagar og skolar. Når det gjeld flytting frå andre kommunar, har Hammerfest dei tre siste åra ei netto utflytting på til saman 316 personar. Det er altså atskillig fleire som har flytta frå Hammerfest enn til kommunen frå andre plassar i landet. Derimot har Hammerfest ei sterk netto innvandring frå andre land. Dei fleste innvandrarane er frå såkalla ”ikkje-vestlege” land, som inkluderer Aust-Europa. Spørsmålet blir: Er det kortsiktig arbeidsinnvandring, eller er det folk som slår seg til i kommunen?

Kva så med ringverknadane i kommunesektoren? Vi har jo høyrt at olja er det einaste som skaper velferd her i landet?

Det kan sjå ut til at den store gevinsten er dei 150 millionane kommunen får i året i eigedomsskatt frå anlegget. Men Hammerfest kommune har i dag 1,15 milliardar i kommunal gjeld. Alt i 2004 kunne Finnmark Dagblad slå fast at petroleumsøkonomi er dårleg kommuneøkonomi. Rammeoverføringane frå Staten gjekk ned når skatteinntektene gjekk opp, og då var ein like langt. Likevel lånte kommunen og investerte i  infrastruktur –  i barnehagar og skolar - for å møte voksteren Snøhvit skulle føre med seg. Utviklinga måtte skje på lånte pengar. I februar i år varsla rådmannen økonomisk unntakstilstand; skatteinntektene sviktar og investeringsnivået har vore høgt. 

Kvar hammerfesting har ei netto kommunal lånegjeld  på 121 569 kr. Gjennomsnittet pr. innbyggar i finnmarkskommunane er under halvparten, sjølv om Hammerfest dreg snittet kraftig opp; den kommunale gjennomsnittsgjelda pr. innbyggar på landsbasis er under fjerdeparten. Kva vil skje i Hammerfest når renta stig? Og korleis blir det om 25 år, når dei nye hammerfestingane er vaksne og produksjonsfasen er over?

”Aktørane” i oljenæringa vil tappe olje og gass og frakte til den europeiske marknaden. Nord-Norge skal definitivt vere kolonien - kjelda til rikdom lenger sør. Til gjengjeld får vi gylne løfte om arbeidsplassar og velferd, som stadig flyttar seg lenger inn i framtida. På den andre sida har Nordland og Troms 7695 lokalbaserte arbeidsplassar direkte i fiskerinæringa. Dei skaffar folk mat. Desse arbeidsplassane, med sine leverandørar, er innsats i spelet. Nettopp fordi vi treng arbeidsplassar bør det ikkje opnast for oljeleiting utanfor Senja, Vesterålen og Lofoten.